Velkommen til IL Jotun sine heimesider
Nytt år - og tid for innbetaling av medlemskontigent og treningsavgift for 2012.
Medlemskontigent (kr. 150,-) skal betalast inn til konto: 3730.25.44078 - Merk betalinga med medlemsnr og/eller namn - og epost(dersom du ikkje har registrert dette frå før).
Minner om at
Alle (aktive, trenarar, støtteapparat, styret m.m.) som deltek i organisert aktivitet i regi av IL Jotun pliktar å betala medlemskontigent til IL Jotun.
Sjølv om du ikkje er aktiv so kan du registrera deg som støttemedlem og på den måten bidra til å støtta idrettslaget, me oppfordrar særleg deg som føresett til å melda deg inn som støttemedlem og på den måten gje ditt bidrag til idrettslaget.
Medlemsskapet gjeld til du skriftleg eller pr. epost melder deg ut.
Har du ikkje vore medlem før so registrer deg
her . og betal deretter inn medlemskontigent.
For våre aktive utøvarar er det òg tid for innbetaling av treningsavgift for
2012
Info om dette finn du her:
Treningsavgift 2012
I år skal barneturnstemnet haldast i Høyanger den 21 og 22. april. Bindande påmelding innan 6. februar 2012. Det vert laga lapp og delt ut på neste trening.
(23.01.2012)
Les meir »
Har lagt ved Aktivitetsplan for Skigruppa 2012 .
Merk av renndatoar og ikkje mist Ski-leik/allidrett i Fardalen.
Aktivitetsplan 12 v1
(18.01.2012)
Les meir »
IL Jotun skigruppa inviterer herved utøvarar til
KM helg i Stryn i perioden 10 - 12 feb 2012.
(15.01.2012)
Les meir »
Datoar for trenarutdanning 2012 er klare! Klubbhuset er bestillt og datoar bestemt. Påmelding til
ahl@agnitio.no
Det er maksimalt 15 plassar for kvart kurs. NB! minimum 8 deltakere krevst for at kurset skal gjennomførast!
Kurstid: Fredag start kl 17:00 og Laurdag start kl 09:00
(09.01.2012)
Les meir »
Meir nyhende |
RSS