Tøffingar på motbakkeløp

Torsdag 13. mai vart motbakkeløpet Storehaugen opp arrangert i Lærdal.
Frå Jotun stilte blant andre 3 15-åringar i konkurranseklassen:
Sindre Hov Luggenes, Jan Roger Høyum og Martin Hollevik
Løpet var på 3,7 km, med ei stigning på heile 908 meter, så ein kan trygt seie at det var bratt! Eit kjempeflott arrangement, som gutane skulle stille på neste år også!
Alle 3 Jotun-gutane kom seg heilt til topps, ingen av dei hadde prøvd løypa før start. Ca. 100 personar stilte i konkurranseklassa, og mange mosjonistar var ute i løypa også.
Meir informasjon, resultatlister mm. finn ein på www.storehaugenopp.com.

Frå v.: Sindre Hov Luggenes, Andreas Natvik (Lærdal), Martin Hollevik, Jan Roger Høyum

Jan Roger på veg opp eitt av dei bratte partia.

Sindre i fint driv oppover.