Nyhende
  Gamle dager
  Aktivitetar
  Bildearkiv
  Logg inn


Fin sesongstart på Bislett

Søndag 23. mai deltok Jan Roger og Martin i Bislettlekene 2010 i friidrett. Dette var årets første stemne for dei, og resultata lova godt for resten av sesongen.


 

Jan Roger deltok i høgde og 100 meter. I høgde persa han med resultatet 1.50, og hadde gode forsøk på 1,55.

100-meteren gjekk unna på 12,92 sek., i motvind, han vart her nr. 3 i sitt heat.

Jan Roger tek sats på 1,50 m.

Martin sette ny pers i høgde med resultatet 1,75, og vann konkurransen. Han hadde også gode forsøk på 1,78. På biletet riv han i eit av forsøka på 1,78.

Martin skulle også vere med på 100 meteren, men rakk ikkje dette pga. at høgdekonkurransen ikkje var ferdig.

Flotte resultat av gutane, det blir spennande å følgje dei utover sesongen!

Resultatlister og info om stemnet på www.skvidar.no

Årsstatistikkar i friidrett finn du her: http://www.friidrett.no/t2.aspx?p=45007 

Registrer deg som medlem i IL Jotun
Siste 20 ellers