Nyhende
  Gamle dager
  Aktivitetar
  Bildearkiv
  Logg inn


Jotun sitt guttelag, G15/16




Jotun sitt guttelag, G15/16, har fortsatt serien med følgjande kampar:

7'ar laget har hatt 2 kampar sidan sist melding og sjølv om resultatet i kampane viser solide tap så er ikkje det rett i forhold til kampbilete.
Ettersom me i Jotun nyttar 7'ar-serien som god kamperfaring for dei som ikkje får så mykje speletid på11'ar-laget, så har motstanden så langt vist seg å variera.

I kampen mot Sogndal så møtte me god motstand og det var ikkje så mykje å utsetta på tapet 1- 10. I andre kamp mot Breimsbygda så gjekk me på tap 2- 8 i ein merkeleg kamp der Breim stort sett scora på det meste og me bomma tilsvarande. I tillegg så er det lov å ha ein kjempegod keeper og det hadde dei. Stammen i 7'ar-laget vårt er Joachim Røtvei, Thomas Undi, Emil Hjelle, Åsmund Folven, Ola Martin Grøv og så varierar me kven som deltek fra 11'ar-laget. Uavhengig av resultata så er dette god erfaring for dei som spelar kampane og humør og kampvilje er på topp.

11'ar-laget har sidan sist spelt 2 kampar og har fortsatt den gode trenden fra tidlegare. I kampen borte mot Lærdal så greide me 3 - 3, etter å ha snudd 0 - 2 til å leda 3 - 2 til like før slutt. Dette viser sterk framgang fra treningskampen mot Lærdal der me tapte 2 - 5 like før seriestart. I neste kamp så møtte me Kaupanger heime og gjekk av bana, etter spelemessig årsbeste, med seier 8 - 0. Tabellmessig ligg me pr. dato an til å vera blant dei 2 laga som går vidare til ein fylkesserie på hausten på 2. nivå.
Det som blir viktig i forhold til motstand i resten av vårsesongen er å ha fokus på det spelemessige og ta resultata utfra det. Ettersom me har unnagjort dei 2 sterkaste motstandarane, Vik og Lærdal, med seier og uavgjort, blir det viktig å ha fokus på det spelemessige i resten av vårsesongen og få dei ønska resultata utfra det.

Til helga skal dei fleste av spelarane delta i handballturneringa Hamar Cup. Me ynskjer dei som skal delta der lykke til. For dei som ikkje deltek der så er det kamp på laurdag mot Selje i 7'arserien. Kampen går kl. 15.00 på Jotun Stadion, krøllgras.

Bjørn, John, Jarle.
Registrer deg som medlem i IL Jotun
Siste 20 ellers