Nyhende
  Gamle dager
  Aktivitetar
  Bildearkiv
  Logg inn


Spelarutviklargruppa i ungdomsfotballen gutar

Tanken med å starta ei spelarutviklingsgruppe i IL Jotun Fotball kom på bana vinteren
2009. Dette skulle og skal vera eit tilbud til dei som trenar mykje
eigentrening, dei som viser gode holdningar, dei som er inne i ein god
utviklingsperiode og for dei som kanskje trenger eit løft av andre årsakar
enn det fotballfaglige.

Gruppa hadde sin oppstart 9.jan 2010 og er beregna for ungdomsfotballen i
bygda og når me seier bygda er det og spelarar fra ÅTIL representert.
Når me ser framover på dei forskjellige årskulla som kjem blir det iallefall ikkje
fleire ungar enn det me ser i 2010, med få unntak. Klubbane i Årdal seg
imellom har vore og er i dialog om framtida og kanskje det er på høg tid
med eit seriøst samarbeid.

Det største fokuset i trening og kamp for ungdomsfotballen i IL Jotun er
selfølgelig sportslig progresjon. Like viktig eller kanskje viktigare er at
ungdommane tek til seg holdningsarbeidet som blir gjort i
klubben.Holdningsarbeid kan alltid bli bedre og IL Jotun Fotball har no
starta med holdningskontraktar for spelarar, gutar/jenter, fødd 2001 i
barnefotballen t.o.m 1994-kullet i ungdomsfotballen. Me ser i kampar og
trening at holdningar blir fokusert på og det er noko som gledar det
sportslige apparatet i klubben.
Når det gjelder holdningsarbeidet som pågår har samtlige trenarar i
organisasjonen og foreldre eit ansvar på lik linje med spelarane.

Veldig gledelig er at me ser spelarar i ungdomsfotballen som stadig er i
sportslig utvikling og som viser gode holdningar. Tre av spelarane på vårt
Gutt 94/95 er no uttatt for Sonesamling i Førde 13.juni.

Dette er Espen Røneid (keeper), Martin Hollevik (midtbane) og Ole Gunnar
Valsvik (forsvar/midtbane), alle fødd 1995. Desse tre spelarane skal
representere Sogn i to kampar mot Nordfjord og Sunnfjord.
Lykke til guta :-)
Med like stort fokus på utvikling og holdningar er det snart fleire som
bankar på døra til neste sonesamling.


Ta vare på kvarandre og me snakkast på stadion.



Trenarkordinator / Spelarutviklar i ungdomsfotballen
Frank Øyre


Registrer deg som medlem i IL Jotun
Siste 20 ellers