Nyhende
  Gamle dager
  Aktivitetar
  Bildearkiv
  Logg inn


Flotte resultat på Framo-lekene 2010

 

Friidrettsgruppa deltok helga 5. og 6. juni på Vestlandets største friidrettstemne, Framolekene på Fana Stadion.

Våre utøvarar leverte mange gode resultat, og hevda seg godt blant landets beste utøvarar. Totalt enda vi med 1 gull, 1 sølv og 2 bronse, i tillegg vart det ein del premiar for 4. og 5. plassar,


Frå Jotun stilte desse utøvarane:

Sondre Øren - G14

Jan Roger Høyum, Sindre H. Luggenes, Martin Hollevik - G-15

Hanne Sørebø og Camilla H. Stefanski - J15

Martin fekk delt 1. plass i høgde med resultatet 1,70, 5 cm. under resultatet frå Bislett forrige helg. 2. plass i lengde med resultatet 5.60, og 3. plass på 400 meter med 57.52.

Jan Roger fekk 3. plass på 100 meter med den sterke tida 12.52 (1.0 motvind), berre 12 hundredelar frå kvalifiseringskravet til UM. Bør vere mogeleg å nå dette allerede neste helg. Han passerte også 5-meteren i lengde, med eit flott resultat på 5.18.

Alle 60-meterrane vart avvikla med sterk motvind, så tidene vart ikkje heilt på topp her. Sindre stilte på 1500 meter for første gong, og enda på den flotte tida 5.05.

Sondre leverte mange fine resultat i ein knallsterk årsklasse, der dei beste i landet var med i alle øvingar.

Jentene leverte gode innsatsar og personlege rekordar, her og stiller dei mot dei beste utøvarane i landet.

For fullstendige resultat og meir info: www.norna-salhus.no

Bilete frå helga:

Jan Roger Lengde

 

Sindre på 1500 meteren

 

Camilla og Hanne

 

Jan Roger spurtar i mål på 60 meter

 

Sondre 60 meter

 

Camilla 60 meter

 

 Sondre Øren

Registrer deg som medlem i IL Jotun
Siste 20 ellers