Nyhende
  Gamle dager
  Aktivitetar
  Bildearkiv
  Logg inn


Jotun sitt guttelag, G15/16, har fortsatt serien med følgjande kampar:


7'ar-laget har hatt 2 kampar sidan sist, begge heime på krøllgrasbana.
29.mai møtte me Selje og gutane på 7'ar laget leverte sin beste kamp så langt i år og kunne gå av bana med seier 14-1. Som resultatet tilseier så var det ein total dominans i kampen, sjølv om Selje blei hindra av Espen R. og stolpane i å scora meir enn 1 mål. Det var også kjekt å sjå at 7 av spelarane våre tegna seg på scoringslista og at innsatsen til Espen R. og Ola Martin i dei bakre rekker nesten stengde buret


Målscorarar denne dagen var Emil 3, Ole Gunnar 3, Martin 2, Jonas 2, Kim 2, Thomas 1 og Åsmund 1.

I neste kamp, mot Sogndal, fekk me sjå korleis det kan svinga i ein fotballkamp. Etter å ha leda 4-0 og gått til pause med leiing 4-1enda resultatet med tap 4-6 når Rebin bles av kampen. 1 omgang var ein spelemessig god omgang og me fekk scora nokre fine mål. I andre omgang verka det som me gjekk litt tom for krefter og Sogndal vakna meir til liv.

Sjølv om kampen stod og vippa på 4-4, der me hadde nokre store sjansar til å gå opp i leiing att, så enda det med tap. Uansett ei klar forbedring fra bortekampen mot dei der me tapte 1-10. Målscorarar for oss var Thomas 2, Jonas 1 og Terje 1.

Siste kamp før ferien for 7'arane er borte mot Breimsbygda 11. juni.

11'ar:

11'ar- laget hadde spelefri i veke 21og hadde ikkje kamp att før 3. juni, mot Hafslo på Hafslo Stadion. Resultatet bar preg av at dette var kamp mellom topp og bunn i serien og gutane gav seg ikkje før det stod 16-2 på resultattavla. Dette var ein kamp me dominerte fra fyrste sekund og sjølv om Hafslo hadde avspark så leia me 1-0 før 20 sekund var gått. Sjølv om me pressa kraftig etter denne tidlege scoringa yppa Hafslo seg og utligna til 1-1, men derifra og ut var det stort sett spel på ein banehalvdel.

Målscorarar for oss var Kim 7, Espen H. 4, Martin 3 og Terje 2.

Etter dette resultatet for oss og seier 10-1 til Lærdal over Bjørn, går det mot ein thriller om avdelingseieren i vårsesongen. Pr. dato og med 2 kampar att før ferien, så har me 16 poeng og 41-9 i målforskjell og Lærdal 16 poeng og 44-11.

Neste kamp er torsdag 10 juni, heime på krøllgraset mot Balestrand. Siste kampen går i Gaupne mot Bjørn 18. juni.

Bjørn, John, Jarle.

Registrer deg som medlem i IL Jotun
Siste 20 ellers