Nyhende
  Gamle dager
  Aktivitetar
  Bildearkiv
  Logg inn


Hevda seg på soneturnering i fotball

Søndag 13. juni vart det arrangert soneturnering i fotball for 1995/1996-kulla. Frå Jotun var 3 gutespelarar uttekne på laget:

Espen Ole Martin

Frå venstre: Espen Røneid (keeper), Ole Gunnar Valsvik (back), Martin Hollevik (midtbane)

 


Gutane spelte 2 kampar, og resultata talar for seg:

Sogn - Sunnfjord 3-0

Sogn - Nordfjord 4-0

Sogn sitt lag var suverent betre enn motstandaren i begge kampane. Sjølv om mange ikkje hadde spelt i lag tidlegare, fungerte laget godt saman.

Espen fekk ein svært roleg kamp mot Nordfjord, kun 2 gonger var han i "aksjon" og fekk vise kva han kan. 

Ole Gunnar var litt spent før kampane, men gjorde ein flott innsats, og var sterk i duellar. 

Martin var god i alle hovud-duellar, og la opp til fleire målsjansar.

Ny soneturnering vert 28. august i Førde, vi håpar på at enno fleire Jotunspelarar kan bli aktuelle for sonelaget til neste gong. Spennande å møte dei beste spelarane i fylket på sin alder.

Sogn Nordfjord

Sogn si 3-0 scoring mot Nordfjord

Frå Jotun er det også 3 spelarar som er "leigde inn" som hospitantar til Sogndal sitt gutelag i Dana-cup siste veka i juli. Desse 3 er Anders Indrelid, Martin Hollevik og Ole Gunnar Valsvik.

Lykke til!

Registrer deg som medlem i IL Jotun
Siste 20 ellers