Turnavslutning i Klubbhuset
Sist onsdag hadde turngruppa sesongavslutnng i Klubbhuset. Avslutninga starta med høgtidleg utdeling av premiar frå barneturnstemnet. Den yngste gruppa var ikkje til stades på premieutdelinga i Lærdal. Ikkje alle var tilstades på avslutninga.
Kleiven Sogn AS sponsa turngruppa med pizza og brus. Tusen takk !!
Geir Inge Tufte hadde samla oppvisningane frå turnstemne på film som vart vist. I tillegg hadde Kai Wigum laga ein flott biletserie som vi fekk sjå.
Bilete frå avslutnngen:

Hilmar Høl, Martn Hollevik og Johannes Laberg vart offer for Lena sine leikar om kvelden :-)

Var populært å få skyta med vannpistol på dei tre karane. Veit ikkje heilt om vi prøvde å treffa lyset. Det var kjekkast
å bløyta dei skikkeleg ut :-)

Jentene klare for å kappeta seigemenn :-)

Så var det gutane sin tur.

Desse tre kjekke damene har organisert turn gjennom allidretten sesongen 2009/2010. Dei vert med oss neste år også.
Fv Siv Havro, Kristin Bukve Strand og Annbjørg Lereng

Blomster vart det også til trenarane våre Alice Tufte, Hilmar Høl og Johannes Laberg. Lena Hollevik og Ruth Laberg fekk også blomar, men er ikkje med på biletet.
I tillegg var det blomar til Geir Inge Tufte, Monicha Øren, Morten Karlsen og Harald Mjøs, Dei var ikkje til stades på avslutninga.
Turngruppa ynskjer alle ein god sommar.
Publisert:ruthl@mail.ardalsnett.no