Lovande for handballen i Jotun

Dei to unge Jotunspelarane Rebecca Steinheim Brun og Espen Wigdahl Huun har vore på fleire bylagssamlingar etter jul. (Espen nr 3 frå høgre nederste rekke). Der har dei vore på samlingar med dei 23-24 beste spelarane i region Vest.

Trenarteama for gutar og jenter har no gjort eit utvalg av dei 15 beste spelarane som skal representera region Vest i Bjørklundcup i Trondheim 26-28 februar. Rebecca og Espen har utmerka seg og er begge uttekne til å vera med. Det står stor respekt av det dei to unge Jotunspelarane har klart.
(Rebecca nr.4 frå høgre i midterste rekkje)

Hege Bakken Wahlquist har vore i Oslo på landslagssamling denne helga og er ein stor inspirasjon for dei to andre. Hege, Espen og Rebecca viser dei andre utøvarane at ein kan koma med i toppen sjøl om ein kjem frå ein "liten" klubb som Jotun.
Me ynskjer Rebecca og Espen lykke til på Bjørklundcup. Og Hege som skal kjempa om medalje i årets NM sluttspel 26-28 februar på Hamar.
Publisert:ruthl@mail.ardalsnett.no