Hege nok ein gong klar for landslaget :-)

Nok ein gong har idretts- og handballtalentet frå Il Jotun hevda seg blant dei store.
Hege er ein av 20 spelarar som er utteken til å førebu seg til European Open i Gøteborg. Troppen skal så reduserast til 18 spelarar som skal delta i turneringa i Sverige. For deretter å reduserast til 16 spelarar før avreise til Den Domenikanske Republikk og VM. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.