Nyhende
  Gamle dager
  Aktivitetar
  Bildearkiv
  Logg inn


Velkommen til Tyin-Filefjell Skisenter:

 

Dei fleste årdøler (og andre) som køyrer alpint, brukar tida si meir enn gjerne ved skitrekka oppe på Tyin-Filefjell, ca. 30 minuttar køyretid frå Øvre Årdal.

I mange år har dette vore ein populær samlingstad, eit trekkplaster for den utøver ulike typar alpintsport - men Tyin-Filefjell Skisenter blir også brukt som base eller utgangspunkt for den som vil gå langrenn innover i fjellheimen. Det er lagt opp til både korte eller lange turar, og fleire løyper er preparterte.

Og det finst sjølvsagt også dei som vil ha turen til Filefjell berre for å nyta fjellufta - helst utan ski :-) Og om ein frys eller er svolten, er det berre å ta innom den trivelege kafèen. Sosialt er det både ute og inne uansett.

Men tek av oss hatten også for dei godt utarbeida heimesidene til Tyin-Filefjell Skisenter.

Der finn du alt du treng vite om til dømes snø og "køyretilhøve", opningstider, utleigeski, temperaturar over store fjellområde, kva løyper som er å anbefala, kva løyper som absolutt ikkje er å anbefala - og sist, men ikkje minst - du kan også sjå webkamera frå fjellet. Med andre ord, svært så oppdaterte sider. Og dette er berre nokre få døme.

Klikk deg inn på deira heimesider  www.tyin-filefjell.no i tida framover

og bli imponert du også.

 

(Foto: Tyin-Filefjell Skisenter) 

 

 

 

(Siren B. Svortevik   siren-sv@online.no)