HarDU "gamle" bilete/referat/historiar frå "gamle dagar" ; )??? Kva "gamledagar" er, er vel alt før nettsida starta sommaren 2004.....??? Det avgjer dù! Send dette meir enn gjerne til oss. Dette treng ikkje vere STORE historiske hendingar! Kanskje berre noko du tykkjer er artig? Dumt at slikt blir liggande i nedstøva skuffer og skap....; ) Her er nemleg ikkje lesarane våre så flinke. ...(med all respekt) Ver ikkje redd, alt blir teke i mot med glede! Uansett idrettsgrein! Og gjerne tips! I første omgang kan du senda dette til: (Me hjelper sjølvsagt alle idrettsgreiene som var før, og framleis finst no) Handball/ski/langrenn/styrketrening/idrettsenter/alpint/barneidrett/friidrett/volleyball osv.: siren-sv@online.no (Siren B. Svortevik) Tlf. 48 20 91 66 Fotball: ruthl@mail.ardalsnett.no (Ruth Laberg) Turn: imb@agnitio.no (Inger Marie Beheim) (Om det er noko du lurer på, kontakt også leiar i Jotun, Mona Nytun) mona@iljotun.no I samband med at Årdalshallen fyllte 30 i haust, kan du her sjå lagbilete frå handballsporten, jenter 16 år i 1974. Jotun og Årdalstangen I.L opna ballet, og dei to laga er samla på eitt bilete. Dette er henta frå ein privat album, og me er usikre på om namna er rette. Kan du hjelpe, send e-post til siren-sv@online.no 
Bak frå venstre: Lagleiar for ÅTIL Ingvald Eriksen, Kirsten Offerdal, Jorunn Lægreid, Reidun Stentvedt, Marianne Øren, Lillian Garshaug, Rigmor Øren, Anne Britt Fjærestad, Sonja Svortevik,Ingebjørg Marie Resaland, Bjørg Marit Haug, Bente Lie og lagleiar for Jotun, Geir Aspebakken. I midten frå venstre: Johanne Øren, Else Blom,Gerd Karlsen, Rigmor Forthun, Grethe Heggheim, Britt Lamheller, Solfrid Lindborg og Åse Furebotn. Framme frå venstre: Janette Osland, Britt Skjæret, Irene Resaland, Anne Britt Skjerven og Ingrid Hovland. Jotun si nettside tok kontakt med handballveteran i bygda, Ingvald Eriksen, for å mimra litt om denne kampen. - Eg hugsar at dette sjølvsagt var ei fantastisk hending! Både Jotun og ÅTIL hadde i årevis spelt alle heimekampane sine på handballbana i Sogndal, i tillegg trena me i gymsalar. Ein må hugsa at me måtte reisa med ferjer der kvar tur tok 1 time og 20 minuttar. Så det var ei stor hending at Årdal endeleg hadde eigen idrettshall! Han kjem også i hug at det var svært mykje publikum på tribuna, sjølvsagt også fordi kampar mellom ÅTIL og Jotun alltid slo an blant tilskodarane. Og som gammal ÅTIL-patriot, meiner han også å hugsa at ÅTIL vann denne kampen, sjølv om Jotun kom best ut i serien. Vidare fortel Eriksen at i alle fall på 1970-talet stod Jotun og ÅTIL likt økonomisk i høve til å bruka Årdalshallen. Det vil seia at ÅTIL-spelarane reiste til Øvre Årdal med rutebuss, men brukte då rekvisisjonsblokker. Begge idrettslaga hadde jentelag i alle aldersklassar på denne tida. Mange hugsar nok også at ÅTIL hadde eit populært herrelag i 3. divisjon på denne tida. Har du gamle bilete med namn og gjerne ei lita historie kring handballaget, set me pris på at du sender dette til oss. Det vil ta tid å bygga opp eit skikkeleg historisk arkiv kring I.L Jotun, men ein stad må me jo starta? (For IL Jotun: Siren B. Svortevik - siren-sv@online.no) |