Velkomen til motorsportgruppa i Jotun
Motorsport i Jotun er eit tilbod for jenter og gutar i alderen 5 til 16 år. Gruppa har nokre få motocrossyklar med fullt sikkerheitsutstyr som du som nykomar kan få leige, for å sjå om dette er noko for deg. Me har gunstig startpris på leige av dette, slik at det skal gå an å få prøve om ein likar motocross før ein kjøper eigen sykkel. Me ynskjer oss fleire medlemmer, og prioriterer nykomlingar på klubben sine syklar. Aktivitetsleiarane har mykje å halde styr på på treningane, og derfor ber me deg som er ny om å avtale køyring på førehand. Då kan me ta skikkeleg imot deg, så du får ei god oppleving av sporten. Den fyrste gongen du kjem for å køyre, tek du med deg ein føresett. Seinare kan det gjerne vere ein annan vaksen, til dømes ein bestefar, som er med.
Klubben har ein del instruktørar som har kursa seg, og som organiserer treningane.
Me driv aktiviteten vår i tråd med Norges motorsportforbund sine retningslinjer: http://www.motorsportforbundet.no/t2.asp
Bana vår ligg på Dalsurdi i Utladalen i Øvre Årdal.
Treningstidene våre er laurdagar frå 11.00 til 14.00 og tysdagar frå 17.30 til 19.30.
Har du lyst, så ta deg gjerne ein tur og sjå ei trening. Kontakt oss gjerne om du vil vite meir:
Leiar: Gunnar Chr. Huse gunnar.huse@hydro.com 970 88 326
Nestleiar: Torstein Grøv
Sekretær: Ove Birger Røneid
Kasserar: Svenn-Arne Johansen
Baneansv: Jøger Strand
Styremedl: Per Johnny Teigen
Sissel Øy
(sist endra 23.09.2010 Marianne Nesse maria-ne@online.no)
(23.05.2011)
Treningstider våren 2011:
tysdagar 18.00 - 20.00
laurdagar 11.00 - 14.00
Møt i god tid før start!
(23.09.2010)
Me må starte treningane før for å få nytta dagslyset no framover. Oppstart frå tysdag 28.09. blir 17.30, med slutt 19.30.
Publ.23.09.2010 M. Nesse maria-ne@online.no
(24.05.2010)
Det ser ut til at tysdagar passar best for dei fleste, så treningstidene denne sesongen blir:
laurdagar 11.00 -14.00, og tysdagar 18.00 - 20.00.
Møt i god tid, så alle er ferdig innsjekka til desse tidene, og me får nytta treningane godt.
Publ. 24.05.10 M. Nesse maria-ne@online.no