IL Jotun sykkel kjem til å ha trening søndag 19.februar kl 11.00 med Per-Arne Klingenberg som instruktør og tysdag 21.februar kl 20.15 med Kurt Jevnaker som instruktør. Me kan lova både høg puls og tunge tråkk!! Timane er godt eigna for alle. Enkelte treningar har yngste vore 13-14 år og eldste 50+! Sykkelgruppa ynskjer å ha med fleire jenter, så me håpar de tek utfordringa og blir med.
Søndag 26.februar blir treninga AVLYST!
Mvh
Styret
(10.02.2012)
IL Jotun Sykkel utvidar treningstilbodet!! Frå og med tysdag 14.februar startar me opp med sykkeltrening på Golds Gym kl 20.15. Dette er eit utvida tilbod til våre medlemmar kvar tysdag fram til påske. Dette kjem i tillegg til søndagstreningane våre kl 11.00.
Tilbodet gjeld for IL Jotun Sykkel sine medlemmar, så det er det viktig at dei som vil vera med melder frå til meg snarast enten på kurt.jevnaker@mail.ardalsnett.no eller SMS 95366003. For utøvarar under 19 år blir det ingen eigenandel utover IL Jotun si treningsavgift. Styret har imidlertid vedteke at deltakarar over 19 år må betala ein eigenandel på kr. 250. Dette skal vera med å dekka leige av spinningsalen på Golds søndag og onsdag fram til påske.
Me ynskjer nye og "gamle" medlemmar velkomen på trening. Viktig at me får god oppslutning om våre treningar slik at me kan oppretthalda eit godt tilbod gjennom vintersesongen.
Dette er ei prøveordning så styret vil gjerne ha tilbakemelding frå medlemmane vedrørande tidspunkt for trening, eller andre forhold som kan medverka til å gjera tilbodet enno betre.
PS! Sykkelsesongen er "like rundt hjørnet" så det er berre å koma i gang med sykkeltreninga!
Vel møtt!
Mvh
Styret i sykkelgruppa
(08.11.2011)
Oppmøte ved Klubbhuset kl 1655. Treninga vil bli leia av Per-Arne Klingenberg. Vel møtt!
NB! Viktig at alle har gode baklys og kvitt lys på styret, evt hjelmen. Det er haust, mørkt og viktig å bli sett slik at me unngår uhell. Ha gjerne på refleksvest i tillegg.
(26.09.2011)
IL JOTUN SYKKEL YNSKJER Å HALDA EIT OPE INFORMASJONSMØTE FOR ALLE SYKKELINTERESSERTE BÅDE I ØVRE OG PÅ TANGEN!!
MERK NYTT MØTELOKALE! MØTET 26.10 KL 18.00 BLIR PÅ MØTEROMMET I ÅRDALSHALLEN!!
TEMA FOR MØTET:
- Trygg ferdsel i trafikken i samarbeid med Årdal Tenk Tryggleik
- Val av leiar, nestleiar og økonomiansvarleg
- Planar for sesongen 2012
- Eigen klubbdrakt med IL Jotun fargar og logo?
- Samarbeid med Golds Gym haust/vinter 2011/2012
- Samarbeid med Lærdal Sykkelklubb og Sogn Sykkelklubb?
- Treningsgruppe for off-road entusiastar?
Alle sykkelinteresserte er hjarteleg velkomne uansett ambisjonsnivå. Hjå oss skal det vera plass til alle!
VEL MØTT!