(06.06.2006)

...Då var Barneturnstemnet over for i år. Arrangøren kan sjå tilbake på eit vellukka arrangement. Åtil og Jotun kan takka kvarande for at dette vart den opplevinga me håpa på.
Hundrevis av dugnadstimar har gått med for å få dette til. Foreldre og frivillege har stått på i lang tid før stemnet. Og under stemnet var dei fleste i støtteapparatet i sving frå fredag ettermiddag til seint søndag kveld.
Sjølv om ikkje vèrgudane var på vår side laurdag, letna vèret og me fekk ein flott dag på Stemnedagen søndag.
Les meir »